Det vekkjer harme i fagforbunda i privat sektor at regjeringa vil gjennomføra ei samordning av avtalefesta pensjon (AFP) og gåvepensjonar som vil bety vesentlege inntektskutt for dei som ønskjer å gå av med pensjon mellom 62 og 67 år. Forbundsleiar Olav Støylen i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund (NKIF) er opprørt over framlegget, og krev saman med andre fagforbund i privat sektor at regjeringa trekkjer framlegget tilbake.

– Dette kan vi ikkje akseptera. Alle gåvepensjonar er fjerna med eit pennestrok. Med dette framlegget øydelegg Bondevik ordningar som er avtalte mellom arbeidsgivarane og fagforeiningane, seier Støylen til Klassekampen, og kallar framlegget for politisk hastverksarbeid.

– God frivillig ordning
– Dette er dessutan eit framlegg som berre rammar arbeidstakarar i privat sektor, legg han til.

Grunngjevinga frå regjeringa si side, slik det går fram av statsbudsjettet, er at ein skal hindra at eldre medarbeidarar skal bli pressa ut av arbeidslivet mot sin vilje.

Roger Andersen, leiar i Norsk Grafisk Forbund, meiner det er utidig av regjeringa i det heile å blanda seg borti AFP-ordninga.

– Den fungerer godt som ei frivillig ordning, også ved nedbemanningar, og gjer at eldre arbeidstakarar som sjølve ønskjer det, kan gå av og gi plass til yngre. Eg mistenkjer at regjeringa eigentleg vil heile AFP-ordninga til livs, men no prøver dei å ta ein bit av den i første omgang, seier Grafisk-leiaren.

– Eg forventar at LO sentralt også sluttar opp om den protesten som i første omgang kjem frå forbunda i privat sektor, seier Andersen.

Verdig avslutting
Jonny L. Larsen i rådgivingsselskapet Naviga, som har mange års erfaring med å gi råd til både verksemder og fagforeiningar i omstillingsspørmål, meiner dette ikkje handlar om at folk blir pressa ut av arbeidslivet.

– AFP-ordninga med tillegg av gåvepensjonar har vore viktig for å gi eldre, slitne arbeidstakarar ei verdig avslutting på arbeidslivet, seier han.

Larsen forklarer at det store fleirtalet av dei som bruker AFP-ordninga, får tilleggsytingar/gåvepensjon frå arbeidsgivar som sikrar ei inntekt tilsvarande mellom 60 og 70 prosent av tidlegare arbeidstinntekt. Kva dette utgjer i kroner vil variera, men eit tillegg på 30.000 kroner i året er ifølgje Larsen ikkje uvanleg.

– Dersom dette tillegget blir borte, vil 90 prosent av dei som ønskjer å bruka AFP-ordninga, ikkje ha råd til å gå av før dei når pensjonsalder, seier Larsen til Klassekampen. – Det må vera lov å venta at folk skal kunna leva som pensjonistar utan å hamna på fattigdomsgrensa, legg han til.

Fleire uførepensjonistar
– Kva vil dei da gjera?

– Ein del vil nok bita tennene saman og prøva å halda ut i jobben til dei øydelegg seg. Andre vil bli nøydd til å søkja uførepensjon, sjølv om det for mange blir opplevt som ei langt meir uverdig avslutting på yrkeskarrieren enn AFP. Men at det likevel vil bli fleire uførepensjonistar, er eg ikkje i tvil om, seier han.

Rådgivaren forklarer at dette først og fremst gjeld dei som har slite i tungt fysisk arbeid, det gjeld lågtlønte kvinner med dårleg opptening av pensjonspoeng, og det gjeld kvinner som risikerer å mista enkepensjon.