|

Lynet slo ned i
DAT-fly
Publisert:
26.03.06
Fredag kveld blei eit av Danish Air Transport sine fly råka av eit
kraftig lynnedslag på veg til Florø.
Det var det siste kveldsflyet på veg frå Oslo til Florø som blei utsett
for lynnedslaget. Lynet slo ned i nasen på flyet med stor kraft, og det
passerte ut delvis gjennom halen og gjennom den eine vengen. Lynet var
så kraftig at det oppstod små perforeringar i vengen der lynet forlet
flyet. Sjølv om smellet truleg var dramatisk nok for passasjerane,
avdramatiserer flygesjef Bjørn Simonsen hendinga.
– Fly vert dagleg råka av lynnedslag. Det kan verke dramatisk, men det
er ganske så ufarleg, seier flygesjefen, som sjølv har ti år i aktiv
teneste som pilot.
Flyet landa i Florø og blei deretter teke ut av trafikk. ATR-maskinen
flaug deretter til København, der ein har eigne feilsøkingsprosedyrar og
kontrollar for fly som har blitt utsett for lynnedslag. Eit anna fly
blei umiddelbart floge opp til Florø som erstatning, og går no som
reserve medan det andre flyet blir reparert og kontrollert. Flyet er
truleg tilbake i trafikk i løpet av ei veke.
Se også vår tidligere artikkel om et
annet
lynnedslag. De ble i alle fall ikke flydd etterpå....
Kilde: www.firdaposten.no
|
|