|

Alvorlege feil på mange fly
Publisert: 20.02.04
Over halvparten av dei utanlandske flya som har vore gjennom
stikkprøvekontrollar i Sverige dei siste fire åra, har hatt
alvorlege manglar.
Manglane har vore så alvorlege at det svenske luftfartsverket har
teke kontakt med styresmaktene i heimlandet til flyselskapet.
Den svenske Luftfartsinspektionen har dei siste fire åra gjort 261
kontrollar utan førehandsvarsling av utanlandske fly, både
passasjerfly og transportfly.
I ein femdel av dei undersøkte tilfella, har dei avdekte feila vore
så alvorlege at flya ikkje fekk ta av med passasjerar før det var
gjort utbetringar, melder Sveriges Radio.
Den vanlegaste feilen er at naudlysa ikkje fungerer i flykabinen.
Andre døme på feil er at navigasjonssystema ikkje oppdaterer seg
tidsnok.
Luftfartsverket har ikkje gitt noko selskap flyforbod, sjølv om same
selskap har hatt dei alvorlege feila fleire gonger.
Kilde: www.nrk.no
|
|